Tilrettelagt arbeid er eit tilbod for deg som får uføretrygd.
Målgruppe
VTA er retta mot personar som mottek eller i nær framtid ventar å få innvilga uføretrygd etter folketrygdlova, og som har behov for tilrettelegging og oppfølging for å få utløyst si arbeidsevne.
Kva kan vi tilby?
- Vi skal tilby arbeidsoppgåver tilpassa den enkelte si yteevne og som bidreg til å utvikle ressursar hos den tilsette gjennom kvalifisering og tilrettelagde oppgåver.
- Vi skal vere ein trygg og god arena for vekst og utvikling.
- Vi skal tilby rettleiing og støtte dersom tilsette har ynskje om å prøve seg ut i ordinært arbeid.
Korleis får du plass?
Vevang Produksjon har 16 plassar i VTA-tiltaket for innbyggjarar i Fjaler kommune. Det er NAV som tilviser personar til VTA. I tillegg har omliggjande kommunar høve til å kjøpe plassar.