Visjon og føremål



Styret for Vevang Produksjon AS har vedteke fylgjande visjon for Vevang Produksjon AS;

”Vevang Produksjon AS skal vere ei framtidsretta attføringsverksemd som er fyrstevalet til våre tilsette og samarbeidspartar. Vi set kvalitet og arbeidsglede i fokus.”




Vi ynskjer at vår kompetanse og røynsle skal vere eit verkty for kundane våre. Vevang Produksjon AS sitt mål er å skape sysselsetting for yrkeshemma gjennom produksjon og sal av varer og tenester og anna verksemd.


Vi freistar å etterleve fylgjande verdiar:

Engasjert – vi skal vere engasjert i kvardagen til kundane og kollegane våre

Stolt – vi skal vere stolte av å jobbe på Vevang Produksjon AS og vise dette til andre menneske.

Audmjuk – vi skal vere audmjuke ovanfor andre sine meininger og kompetanse

Modig – vi skal utfordre vala i framtida, samt handlemåtar og løysingar

Involverande – vi skal lytte og involvere våre kundar og medarrbeidarar

Etikk – vi skal fylgje dei etiske normer og reglar som gjeld for bedrifta 









Vevang Produksjon AS - PB.66 - 6961 Dale Tlf: 940 16 071 - E post: post@vevangproduksjon.no
 sitemap
Admin