Om oss

Kva er Vevang Produksjon
Vevang Produksjon a/s er ei verksemd for yrkeshemma arbeidstakarar.
Verksemda vart skipa i 1990 som ei produksjonsretta verksemd VTA (varig tilrettelagt arbeid) 
og utvida med AFT avdeling (arbeidsførebuande trening) 1. oktober 1994.



Verksemda er delt i to avdelingar:
Vevang Produksjon AS, VTA
Vevang Produksjon AS, VTA skal skape varige arbeidsplassar for yrkeshemma.

Vevang Produksjon AS, AFT
Avdelinga for AFT har som målsetting å gi deltakarar tilrettelagt arbeidstrening med oppfylging.  

 
Kven kan søkje plass ved Vevang Produksjon AS ?
    • Personar som ikkje får ordinært arbeid. 
    • har rett til uføretrygd eller arbeidsavklaringspengar
   
Tilbodet er til alle aldersgrupper opp til pensjonsalder.

Kva tiltak høver for den enkelte ?
Det lokale NAV-kontoret gir råd om kva tiltak som kan vere aktuelle for den einskilde arbeidssøkjar.


Vevang Produksjon AS, VTA
Verksemda skal gi fast arbeid til yrkeshemma som ikkje utan vidare kan nyttiggjere seg andre arbeidstilbod
og som har rett til uførepensjon. Avdelinga er godkjend for 16 yrkeshemma arbeidstakarar.
Produksjonen er delt på to avdelingar, tekstil og tre, og har lokale på Vevang.


Treavdelinga.
Treavdelinga er utstyrt med moderne maskiner. Vi produserer små og mellomstore
produkt med eit praktisk bruksområde.


Tekstilavdelinga.
Hovedproduktet til tekstilavdelinga er filleryer, vevde løparar i lin og bomull. Vi har fargekopimaskin der vi tek
kopioppdrag for offentlege og private kundar. Ut frå tanken at sysselsettinga skal vere med å utvikle ressursane
hos dei yrkeshemma, er det eit mål å framstille varer og tenester for den ordinære marknaden.


AFT (Arbeidsførebuande trening)
Avdelinga for AFT er lokalisert i nytt bygg i tilknytting til resten av verksemda. Nybygget vart innflytt sommaren 1999 slik
at heile verksemda no ligg sentralt til i Dale. Her er 7 godkjende arbeidsplassar.


Produksjon / produkt
Det er produksjon av tre- og stålprodukt som er hovudområdet for avdelinga. Vi kan nemne produkt som knivskap for Helle Fabrikker,
varekassar for ABBA Seafood, omarbeiding av heiltønner til "Sjokkselgara" osv. Men ein har òg andre nisjeprodukt som restaurering
av møblar, produksjon av større eller mindre treskilt og monteringsarbeid som t.d. skifeller.

Vevang Produksjon AS - PB.66 - 6961 Dale Tlf: 940 16 071 - E post: post@vevangproduksjon.no
 sitemap
Admin